|
Kvalpekurs
Dette er eit kurs for kvalpar fortrinnsvis frå 3 til 6 månader.
Kurset går over 6 gongar med 1 time teori og 1 time praksis kvar gong.
På dette kurset er hovedvekta sosialisering av kvalpane og ein legg derfor stor vekt på å la kvalpane vere lause og få leike saman. Ellers lærer ein meir om korleis ein trener opp hunden sin generelt.
Viktige øvelser som kontakt og innkalling blir særleg prioritert, men ein trener og på sitt, sitt og bli, dekk ("legg seg"), dekk og bli ("legg seg og bli").
Kvalpane blir og trent på å bli håndtert noko som spesielt er viktigi forbindelse med veterinærbesøk men og ellers for å få ein trygg hund som taklar tobeinte som av og til kan gjere ting som i utgangspunktet er svært frammand og ubehageleg for ein hund (få klem, klappe på hovudet, bøye seg over den +++).
I teoritimane får ein og eit innblikk i hundens signaler og språk og vite litt om korleis vårt kroppsspråk påverkar hunden vår. |