Kurs - generell info

 

Våre kursdagar er mandagar og tirsdagar og dei aller fleste kursa våre blir avholdt på desse dagane på Åse Gard i Lindås kommune.

 

Eit kurs som startar ein mandag vil fortsette dei påfølgjande mandagane til kurset er slutt. Det same gjeld sjølvsagt for kurs som går tirsdagane.

 

Kvalpekurs, grunnkurs og lydighetskurs blir alltid avholdt på Åse Gard anten mandagar eller tirsdagar.

 

Agilitykursa våre har til no vorte arrangert i helgene og på Åse Gard. Slike kurs kan i visse tilfeller bli avholdt over 4 veker, ein dag kvar veke og vil då fortrinnsvis foregå på våre kursdagar, dvs. mandagar eller tirsdagar.

 

Utstillingskurs blir arrangert som vekedagarskurs og som helgekurs alt ettersom, og fortrinnsvis på Åse Gard.

 

Når det blir arrangert spesialkurs som blodsporkurs og brukskurs blir desse avholdt på ulike stadar rundt om i Nordhordland. Dette vil bli annonsert ved oppstart av slike kurs.

 

Oppstart av nye kurs blir annonsert på kurssida. Der vil det og stå navn på instruktør og kven ein skal melde på til.

 

Påmelding:

For å melde på kurs i klubben, send email til

kurs(alfakrøll)nordhordland-hundeklubb.no

der du oppgir:

Navn, fødselsår, adresse, email og telefonnummer i tillegg til rase, alder og navn på hunden.

Du er då påmeldt kurset du ønskjer dersom det fortsatt er ledig plass på det :)

Ved bekrefting på at du har fått plass vil du få tilsendt kontonummer der du betaler inn kursavgifta. Er kurset fullt, får du tilbod om å stå på venteliste til neste kurs.

 

Hjerteleg velkommen på kurs hos oss :)

nordhordland-hundeklubb.no © 2009

www.nordhordland-hundeklubb.no